Ledig stilling

ØKONOMIKONSULENT

 Ledig stilling som økonomikonsulent, 50 %

Forsand Elverk er eit kommunalt eigd elektrisitetsverk med ansvar for kraftforsyning i Forsand kommune.

Som økonomikonsulent i Forsand Elverk KF vil du få ein sentral posisjon i selskapet og rapportere direkte til dagleg  leiar. Ansvarsområdet vil vera  intern og ekstern rekneskapsrapportering  og  oppfølging av  økonomisk utvikling i selskapet. Du vil vera selskapet sin ressursperson på relevant lovverk innan rekneskap, konsesjonskraft, skatt og innkjøp. Økonomistyring, rapportering og utarbeiding av rutinar har stort fokus. Oppfølging av prosjekt, utarbeiding av budsjett og tariffar vil også vera ein del av oppgåvene.

Vil du vera med  på laget?

Vi søkjer deg som er nøyaktig og som ser potensiale i organisasjonen. Du bør ha høgare økonomisk utdanning og praktisk erfaring frå utarbeiding av rekneskap, årsoppgjer, rapportering og dokumentasjon. Erfaring frå energibransjen vil vera ein fordel. Personlege eigenskapar er viktig.

Vi tilbyr spennande og varierte utfordringar  i ein bransje som stadig endrar seg. Det er store omleggingar i bransjen og som tilsett  hjå oss må du vera  med på å sjå  muligheiter og løysningar på endringane som kjem.

Vi tilbyr ein givande arbeidsdag i eit lite selskap der kvar og ein sitt bidrag er viktig og avgjerande for at vi skal lykkast i våre mål:

-Konkurransedyktige vilkår
-Gode velferdsordningar
-Gode forsikringsordningar
- Kompetanseutvikling
- Gode pensjonsordningar

Med tida kan det bli aktuelt å utvida stillinga.

For ytterligare opplysningar om stillinga:

Kontakt dagleg leiar  Kjell Inge Bjørheim tlf. 99548832 eller
Økonomikonsulent Solveig Eggen Larsen på tlf. 91120550.

Søknad kan sendast på e-post til post@forsandelverk.noEller pr brev til : Forsand Elverk KF, Fossanvegen 380, 4110 Forsand

 Søknadsfrist 15.januar 2018

Heimeside: www.forsandelverk.no