Om Forsand Elverk

Forsand Elverk KF er eit kommunalt føretak som Forsand Kommune eig. Administrasjonen held til i kommunehuset som ligg ved munninga av Lysefjorden. Sekundærstasjon, lager og uteavdelinga held til ved Steinberg. Forsand Elverk KF har all si verksemd i Forsand Kommune. I tillegg til nettdrift, leverer vi konsesjonskraft til kundar i Forsand kommune på vegne av kommunen.

Forsand Kommune omsluttar Lysefjorden med Preikestolen og Kjerag. Kommunen har kulturhus med symje- og idrettshall og bibliotek. Vidare moderne barne- og ungdomsskule, barnehage og gode oppvekstvilkår for barn og ungdom. Gode aktivitetstilbud frå lag og organisasjoner og gode muligheter for friluftsliv.