Elsertifikat

Elsertifikat.

Norske og svenske myndigheter innfører elsertifikat i ein felles marknad frå 1.1.2012. Dette inneber eit lite påslag i straumprisen for å byggje ut meir fornybar energi.

 

Kvifor elsertifikat?

Noreg og Sverige har inngått ein avtale om å starte ein felles marknad for elsertifikat i perioden  2012-2035. Dette gjer landa for å fremje utbygginga av til saman 26,4 TWh fornybar energi. Alle nye produsentar av fornybar energi, som vasskraft, vindkraft og bioenergi, kan få selje slike sertifikat.  Elsertifikat blir omsett i ein marknad og blir ei ekstra inntektskjelde for produsentar av fornybar energi, i tillegg til straumprisen.  Dermed blir det stimulert utbygging av ny ”grøn” kraft.

 

Kven er kjøparar?

Det er kraftomsetningselskapa som er pålagt å kjøpe elsertifikat på vegne av forbrukarar som betaler forbruksavgift på elektrisitet. Dette gjeld alle hushaldningar, utanom dei som i dag har fritak frå forbruksavgift.  Vanlege hushaldnings- og bedriftskundar skal ikkje sjølv kjøpe elsertifikat. Det blir i staden  inkludert i straumprisen, slik at kraftleverandør kjøper elsertifikata.

Myndighetene har bestemt kor mykje ny kraft med sertifikat kraftleverandørane må kjøpe. Det fyrste året skal 3% av omsetninga ha elsertifikat, stigande til 18% i 2020. Deretter fell prosentdelen igjen til null i 2035. Når kraftleverandørane vidarefakturerer elsertifikatkostnadane til sine kundar, skal kostnader som fylgjer av elsertifikatplikta inkluderast i prisen ved fastpris- og variable kontraktar, og i påslaget ved spotpriskontraktar.

Kva kostar det deg?

Prisen på elsertifikat vil variere ettersom dei blir omsett i ein marknad.

Elsertifikatsystemet har fungert i Sverige sidan 2003.  Basert på prisanslag derfrå blir det venta at ein normalhushaldning må betale ca 0.8-1 øre/kWh i 2012, eller omlag 150-200 kroner for året. Det er likevel vanskeleg å sei kva priskonsekvensane blir på sikt fordi den auka kraftproduksjonen kan føre til eit overskot av elektrisitet, noko som igjen kan presse kraftprisane ned.

Ein har ikkje auka kraftprisen til kundar i Forsand Elverk sitt nett, men ein vil fylgje med på utviklinga og sjå kva konsekvensar dette vil få etterkvart.

Les meir hjå KS Bedrift Energi og NVE