Skifte av kraftleverandør

 Korleis byter eg kraftleverandør?

 

Din nye kraftleverandør vil som regel hjelpe deg med dei praktiske gjeremåla rundt eit bytte.  Ta kontakt med den leverandøren du ynskjer å bytte til. Det er ein fordel å ha den siste fakturaen frå din nåverande leverandør tilgjengeleg fordi den inneheld informasjon som din nye leverandør vil trenge. Dersom du ikkje har installert ein målar som les av forbruket automatisk, vil det også vera nødvendig å lesa av målaren ved skifte.
Vanlegvis blir det ikkje kravd meir av deg enn at du bestiller ein avtale frå din nye leverandør og les av straummålaren din ved byttedatoen.
Du blir beden om å oppgi:
-          Målepunkt ID

-          Fødselsdato/organisasjonsnummer

-          Namn/Firmanamn

-          Adresse for anlegget

Kraftleverandøren har rutiner for å varsle din nåverande kraftleverandør og netteigar om leverandørskifte

Meir informasjon om kraftprisar og kraftleverandørar finn du ved å gå inn på Strømpris.no sine nettsider Strømpris.no

 

Kraftleverandører i Forsand